Viking og middelalderaktivitet 2011Min gode venn Hans Gunnar har laga ein liste over viking. og middelalderkarnader i 2011. Den har eg lånt og legger ut her med litt tillegg. Januar: Vinterblot, MidtvinterfestSom vanlig vert det midtvinterblot oppe på Gjerå mellom jol og nyttår. Denne gangen blir det måndag 27.12 Oppmøte i løpet av dagen og samling oppe i skogen kl 18.00 I år satsar vi på eit meir barnevenlig arrangemang og difor har vi ikkje satt aldresgrense på deltaking. Som gode vikingar passar vi på liten og stor. Alle deltakarar tar med seg mat til langbord etter blotet og vi koser oss til ut på natta. Rapport frå kulturhistorisk leir, Vikingleir for ungdom på Gjerå i Løvikja 2010Måndag og tysdag i haustferien vart det arrangert kulturhistorisk leir på Gjerå i Løvikja. Arrangørar var Friluftsrådet for Ålesund og omland og Vikingliv S. Helgason. Måndag morgon mellom 09 og 10 kom 12 ungdomar til Gjerå og vart innkvarter i to vikingtelt som dei var med å setja opp, og inne på løa. Kl 11 vart ungdomane delt i to grupper, Dei fekk beskjed om å velje ein høvding og lage seg namn og kamprop. Kl 12 åt dei god lunch og så gjekk vi ned til sjøen. Så på nausta og andre kulturminne. Der vart det funne ein ukjend stor kjeve av ein stor fisk, antakeligvis håkjerring og, eller breiflabb. samt ei ørnefjør. Etter at vi kom opp igjen vart det skutt med bogar og deltakarane kasta økser på blink før ein laga middag på bål. Vikingleike vart og utprøva og vi fekk høyra namn og kamprop. Etter tingetI helga vart det arrangert ting i Møre frie vikingar inne på Gjerå. Sjølv om det ikkje deltok så mange vikingar som i fjor vart tinget godt gjennomført med eit godt gilde etter tingforhandlingane. Dei aller fleste av vikingane kom laurdag og sat rundt bålet til langt på kveld. Koselig stemning og gamle og unge kosa seg med god mat og drykke. Søndag vart det tid til litt blankvåpentrening og bogeskyting, samtaler rundt bålet og så tingforhandlingar. Mat og drikke skorta det ikkje på og det vart lagt planer for aktiviteten resten av året. Sjølv om det var lite direkte sol, kan vi ikkje klage over været. Månen lyste for oss laurdag kveld og vi fikk høyre skogens melodiar først dei som høyrer dagen til, song frå måltrost, svarttrost, og mange andre, og så dei som høyrer natta til, Rådyra og kattugla. Flaggermusa fløy og aktivt i skyminga. Tusen takk til dei vikingar som var der og gjorde dette til ei god helg. Ting i Møre frie vikingarTil helga vert det ting inne på Gjerå. Noen kjem laurdag og skal kose seg rundt bålet laurdagkveld. Noen kjem ikkje før søndag og deltar kun på ting og felles mat etter det. Meir over helga. Midvinterblot, og fest på GjeråTusen takk til dere som deltok på samlinga til Møre Frie Vikingar inne på Gjerå. Det var 23 vikingar tilstades under blotet, og fortsatt plass til fleir. Vintervær på VestlandetEtter mye om og men kom snøen, Det lava ned og oppe på reservatet satte det seg ein god såle med tung og god vintersnø. Men Adam var ikkje lenge i Paradis. Natt til Torsdag 27.11 regna det igjen. og ikkje heilt lite heller. Nær 50mm i løpet av natta. Mange lokale veier fikk dårlig medfart, men merkelig nokk klarte vegen “vår” seg utrulig bra. Det er fortsatt snø på Gjerå, og med kaldar vær frammover håper eg vi får ein god såle å gå på når vi samles til Vinterfest. Midtvinterfest, VinterblotAlle vikingar er invitert til å delta på Midtvinterfest/Vinterblot i Løa på Gjerå i Løvikja Tresfjorden. SteinI dag har eg drevet med henting av stein til kistemuren vi skal ha til kokehuset. Måtte gi meg etter ei lei vridning i ryggen, men fortsetter i morra. I kveld er det opp til sterk storm. Var inne på Gjerå og der var det stille nede på boplassen. Oppe i furuskogen var det mye susing og urolig, så eg må sikkert ha meg ein tur opp ditt med motorsaga i morra, eller i starten av neste veke. Kan hende det er noen velt. Annonse Vikingreservat på Gjerå
Følgt av 24 medlemmar.
Kvifor vikingreservat, vikinghus på Gjerå i Løvikja. I Møre og Romsdal er det etablert eitt vikinglag, Møre Frie Vikingar, Kampgruppa til Møre frie vikingar, (Møre leidang). Langbogelaget Skade. Ein kan ta i mot vanskeleg stilte elevar, Ungdom med såkalla problematferd,og skuleelevar elles. Ein kan og arrangere fylke og eventuelt noregsmeisterskap i bogeskyting, (historiske bogar). Arrangere historiske festivalar, ta i mot reisande vikingar, samt lokale historiske handverkarar sentralt i Møre og Romsdal. Vikingreservat på Gjerå er ei sone på Origo. Les meir | |||||||||||