Vikingreservat på Gjerå

Følgt av 24 medlemmar.

Kvifor vikingreservat, vikinghus på Gjerå i Løvikja.

I Møre og Romsdal er det etablert eitt vikinglag, Møre Frie Vikingar, Kampgruppa til Møre frie vikingar, (Møre leidang). Langbogelaget Skade.
Vestnes kommune er sentral i fylket og eitt viking-reservat med langhus og småhus vil kunne være samlande for vikingar, historiske handverkarar, blankvåpengruppe® og historiske bogeskyttarar, samt arkeologar og andre historisk interesserte menneske som vil prøve ut slike.

Med eitt hus kan ein auke interessa for Levande historie, og etablere levande arkeologisk, historisk miljø med utprøving av teoriar. Ein kan støtte etablering av levande historisk handverksmiljø og levandegjere lokal historie på ein spennande måte. Ein kan etablere samarbeid med Kultursekken og arrangere kurs for barn og unge. Ein kan samarbeide med Vestnes kommune. Gjermundnes vidaregåande skule og alle gode krefter.

Ein kan ta i mot vanskeleg stilte elevar, Ungdom med såkalla problematferd,og skuleelevar elles. Ein kan og arrangere fylke og eventuelt noregsmeisterskap i bogeskyting, (historiske bogar). Arrangere historiske festivalar, ta i mot reisande vikingar, samt lokale historiske handverkarar sentralt i Møre og Romsdal.
Med eit langhus i Tresfjorden kan ein gi turistar og andre ei oppleving av levande kulturhistorie på lokal basis. Meir om sona

Origo Vikingreservat på Gjerå er ei sone på Origo. Les meir

Dugnadshelg

Ei vellykka dugnadshelg er over. Sjøl om vi ikkje var mange som møtte opp vart det eitt nytt bord i løa, som nå står fram som ein samlingsplass for vikinglaget.
Vi fikk besøk av ei gravemaskin og fikk gravd og jevna ut området der kokehuset skal stå. Lørdag kveld feiret vi oppstarten av bygningsarbeidet med rådyrsteik og rødvin. Tusen takk skal dere ha som brukte helga.

Vist 103 gonger. Følgt av 1 person.

Kommentarar

Eg skulle gjerne ha vore der, men fekk dessverre ikkje tid. No gler eg meg til å kome innover og sjå.

Her blir det mye artig framover

Annonse