Vikingreservat på Gjerå

Følgt av 24 medlemmar.

Kvifor vikingreservat, vikinghus på Gjerå i Løvikja.

I Møre og Romsdal er det etablert eitt vikinglag, Møre Frie Vikingar, Kampgruppa til Møre frie vikingar, (Møre leidang). Langbogelaget Skade.
Vestnes kommune er sentral i fylket og eitt viking-reservat med langhus og småhus vil kunne være samlande for vikingar, historiske handverkarar, blankvåpengruppe® og historiske bogeskyttarar, samt arkeologar og andre historisk interesserte menneske som vil prøve ut slike.

Med eitt hus kan ein auke interessa for Levande historie, og etablere levande arkeologisk, historisk miljø med utprøving av teoriar. Ein kan støtte etablering av levande historisk handverksmiljø og levandegjere lokal historie på ein spennande måte. Ein kan etablere samarbeid med Kultursekken og arrangere kurs for barn og unge. Ein kan samarbeide med Vestnes kommune. Gjermundnes vidaregåande skule og alle gode krefter.

Ein kan ta i mot vanskeleg stilte elevar, Ungdom med såkalla problematferd,og skuleelevar elles. Ein kan og arrangere fylke og eventuelt noregsmeisterskap i bogeskyting, (historiske bogar). Arrangere historiske festivalar, ta i mot reisande vikingar, samt lokale historiske handverkarar sentralt i Møre og Romsdal.
Med eit langhus i Tresfjorden kan ein gi turistar og andre ei oppleving av levande kulturhistorie på lokal basis. Meir om sona

Origo Vikingreservat på Gjerå er ei sone på Origo. Les meir

Stein

25.10.2008

I dag har eg drevet med henting av stein til kistemuren vi skal ha til kokehuset. Måtte gi meg etter ei lei vridning i ryggen, men fortsetter i morra. I kveld er det opp til sterk storm. Var inne på Gjerå og der var det stille nede på boplassen. Oppe i furuskogen var det mye susing og urolig, så eg må sikkert ha meg ein tur opp ditt med motorsaga i morra, eller i starten av neste veke. Kan hende det er noen velt.

25.10.2008 — Men materiale til kistemuren

Vist 176 gonger. Følgt av 1 person.

Kommentarar

Spennende !

Mye arbeid gjennstår fremdeles, men det går framover;)

Annonse