Vikingreservat på Gjerå

Følgt av 24 medlemmar.

Kvifor vikingreservat, vikinghus på Gjerå i Løvikja.

I Møre og Romsdal er det etablert eitt vikinglag, Møre Frie Vikingar, Kampgruppa til Møre frie vikingar, (Møre leidang). Langbogelaget Skade.
Vestnes kommune er sentral i fylket og eitt viking-reservat med langhus og småhus vil kunne være samlande for vikingar, historiske handverkarar, blankvåpengruppe® og historiske bogeskyttarar, samt arkeologar og andre historisk interesserte menneske som vil prøve ut slike.

Med eitt hus kan ein auke interessa for Levande historie, og etablere levande arkeologisk, historisk miljø med utprøving av teoriar. Ein kan støtte etablering av levande historisk handverksmiljø og levandegjere lokal historie på ein spennande måte. Ein kan etablere samarbeid med Kultursekken og arrangere kurs for barn og unge. Ein kan samarbeide med Vestnes kommune. Gjermundnes vidaregåande skule og alle gode krefter.

Ein kan ta i mot vanskeleg stilte elevar, Ungdom med såkalla problematferd,og skuleelevar elles. Ein kan og arrangere fylke og eventuelt noregsmeisterskap i bogeskyting, (historiske bogar). Arrangere historiske festivalar, ta i mot reisande vikingar, samt lokale historiske handverkarar sentralt i Møre og Romsdal.
Med eit langhus i Tresfjorden kan ein gi turistar og andre ei oppleving av levande kulturhistorie på lokal basis. Meir om sona

Origo Vikingreservat på Gjerå er ei sone på Origo. Les meir

Midtvinterfest, Vinterblot

Alle vikingar er invitert til å delta på Midtvinterfest/Vinterblot i Løa på Gjerå i Løvikja Tresfjorden.
Tid Laurdag 27. Desember frå kl 18 til vi ikkje orker meir.
Ta med noe godt å ete og vi lager eit fellesbord med mat vi deler på.
Husk vi møter i vikingkle.
Vi overnattar på småbruket, i løa og der det faller oss inn :)

Ta kontakt med jarlen snarast og meld ifrå om du blir med.

Vist 196 gonger. Følgt av 1 person.

Kommentarar

Heisann mannen, no har eg tinga reisa til vinterblotet. Det er for seint for deg å angre no..

Kjekt. Kjem dere flyborne då :)

Me har tinga bil, det var billigaste alternativ for tre personar. Ca 12000 mindre enn fly…

Det var mange penger. Gleder meg veldig til å sjå dere :)

Annonse