Forum: Ope forum

Viking og middelalderaktivitet 2011

Min gode venn Hans Gunnar har laga ein liste over viking. og middelalderkarnader i 2011. Den har eg lånt og legger ut her med litt tillegg.

Januar:

Februar:

19-27. Jorvik (UK)

18-19. Re Middelalderdager (N)

Mars:

April:

22-24 Lønsboda (SE)

May:

7-8. Ale Vikingmarked (SE)

27-29. Moesgård Vikingesmedetræf (DK)

27-29 Tønsberg Middelalderfestival (N)

27-29. Møre Frie Vikinger Leikvin(N)

Juni:

2-5 Bjørgvin Marknad, (N) V

10-12 Møre frie vikingar Herøy marknad.(N)

10.-12. Hemnes (N)

11-12 Hamar Middelalderfestival (N)

11-12 København Middelaldermarked (DK)

16-20. Hafnarfjordur Iceland Viking

18-19. Oslo Middelalderfestival (N)

23-26 Trondheim(N) Viking

25-26, Lindholm Høje, Viking market (DK

Juli:

1-3 Stallarholmen Vikingemarked (S)

1-3. Foteviken (S)

9-10. Birka Vikingemarked (S)

8-10, Bronseplassen, Viking market (N)

14-17 Gudvangen Vikingemarked, (N)

23-24 Värmland Vikingating (S)

24-31 Numedal middelalder (N)

26-31 Stikklestad middelalder (N)

28-31 Askøy Vikingmarked (N)

29-31 Borg vikingmarked Eidet (N)

30-31 Moesgård Vikingetræf, (DK)

29-31 Saltvik Vikingamarknad (Åland)

August:

‎1-8, Ribe (DK)

5-7, Wolin festiwal Wikingow, Viking and Slavic (PL)

5-7, Lofoten vikingfestival, (N)

7-14. Medeltidsveckan, Visby (S)

13-14 Bork Havn (DK)

September:

2-4. Lillestrøm (N) Viking

Vi sees i viking til sommaren.

Vinterblot, Midtvinterfest

Som vanlig vert det midtvinterblot oppe på Gjerå mellom jol og nyttår. Denne gangen blir det måndag 27.12 Oppmøte i løpet av dagen og samling oppe i skogen kl 18.00 I år satsar vi på eit meir barnevenlig arrangemang og difor har vi ikkje satt aldresgrense på deltaking. Som gode vikingar passar vi på liten og stor.
Alle deltakarar tar med seg mat til langbord etter blotet og vi koser oss til ut på natta.
Vis DU vil delta meld då ifrå til Skafti på mobil. 93650601 innan 23.12.

Rapport frå kulturhistorisk leir, Vikingleir for ungdom på Gjerå i Løvikja 2010

Måndag og tysdag i haustferien vart det arrangert kulturhistorisk leir på Gjerå i Løvikja. Arrangørar var Friluftsrådet for Ålesund og omland og Vikingliv S. Helgason.

Måndag morgon mellom 09 og 10 kom 12 ungdomar til Gjerå og vart innkvarter i to vikingtelt som dei var med å setja opp, og inne på løa. Kl 11 vart ungdomane delt i to grupper, Dei fekk beskjed om å velje ein høvding og lage seg namn og kamprop. Kl 12 åt dei god lunch og så gjekk vi ned til sjøen. Så på nausta og andre kulturminne. Der vart det funne ein ukjend stor kjeve av ein stor fisk, antakeligvis håkjerring og, eller breiflabb. samt ei ørnefjør. Etter at vi kom opp igjen vart det skutt med bogar og deltakarane kasta økser på blink før ein laga middag på bål. Vikingleike vart og utprøva og vi fekk høyra namn og kamprop.
Menyen, grønsak og kjøtsupa åt deltakarane i lag med steinbaka brød rundt bålet. Deretter gjekk resten av dagen i leike og aktivitet. Ut på kvelden kosa deltakarane seg med frukt og det var stille i leiren ca kl 23.00.
Søndag stod deltakarane opp før kl 08.00 Vi kokte 6 l havregraut som vart servert med syltetøy Elles spiste dei brød og pålegg i lag med mjølk. Etter frukosten fikk laga beskjed om at dei skulle velje ut to kjemper kvar. Begge laga stilte med det dei vurderte som sine beste idrettsmenn, og då dei fikk beskjed om å deira oppgåva var å vaske opp dei gryter vi hadde brukt, både til suppa og grøt vart det ein god stemning i leiren for det var ikkje forventa. Dei andre var med og grov opp kokegropa, sanka stein og begynte å varme den. Inn i mellom fekk alle tid til å skyte og kaste på blink samt øve på dei kampleiker som var bebuda skulle kome under vikingtvekampen. Kl 11 pakka vi åtte fine ørettar i folie, i gropa og gjorde klart til lunch. Kl 12 var fisken klar og servert med brød og smør. Her vart det ikkje ei smule igjen. Etter lunsj vart det konkurrert i vikingidrettar, Bogeskyting, øksekasting, spydkasting, kjøtt og blod, m.m. der deltakarane gav alt. Laga skilte jamne på poeng etter at leikane var over og då måtte høvdingane til pers. Dei vart plassert inne i ein taugring og fekk beskjed om å kjempe på vikingvis. Noe dei gjorde som gode drenger. Kl 15 Tok vi ned telta det vart pakka og deltakarane kosa seg med supperestar frå dagen før. Eitt av måla med leiren var at gjera deltakarane klare over at vikingane og måtte arbeide som andre, laga mat og rydde etter seg. Det meiner vi som var der fungerte godt.

Etter tinget

I helga vart det arrangert ting i Møre frie vikingar inne på Gjerå. Sjølv om det ikkje deltok så mange vikingar som i fjor vart tinget godt gjennomført med eit godt gilde etter tingforhandlingane.

Dei aller fleste av vikingane kom laurdag og sat rundt bålet til langt på kveld. Koselig stemning og gamle og unge kosa seg med god mat og drykke. Søndag vart det tid til litt blankvåpentrening og bogeskyting, samtaler rundt bålet og så tingforhandlingar. Mat og drikke skorta det ikkje på og det vart lagt planer for aktiviteten resten av året. Sjølv om det var lite direkte sol, kan vi ikkje klage over været. Månen lyste for oss laurdag kveld og vi fikk høyre skogens melodiar først dei som høyrer dagen til, song frå måltrost, svarttrost, og mange andre, og så dei som høyrer natta til, Rådyra og kattugla. Flaggermusa fløy og aktivt i skyminga. Tusen takk til dei vikingar som var der og gjorde dette til ei god helg.

Ting i Møre frie vikingar

Til helga vert det ting inne på Gjerå. Noen kjem laurdag og skal kose seg rundt bålet laurdagkveld. Noen kjem ikkje før søndag og deltar kun på ting og felles mat etter det.

Meir over helga.

Midvinterblot, og fest på Gjerå

Tusen takk til dere som deltok på samlinga til Møre Frie Vikingar inne på Gjerå. Det var 23 vikingar tilstades under blotet, og fortsatt plass til fleir.

God solsnu

Vil med dette ønske dere alle ein god Solsnu.

Måtte maktene ta vare på dere

Vintervær på Vestlandet

Etter mye om og men kom snøen, Det lava ned og oppe på reservatet satte det seg ein god såle med tung og god vintersnø. Men Adam var ikkje lenge i Paradis. Natt til Torsdag 27.11 regna det igjen. og ikkje heilt lite heller. Nær 50mm i løpet av natta. Mange lokale veier fikk dårlig medfart, men merkelig nokk klarte vegen “vår” seg utrulig bra. Det er fortsatt snø på Gjerå, og med kaldar vær frammover håper eg vi får ein god såle å gå på når vi samles til Vinterfest.

Midtvinterfest, Vinterblot

Alle vikingar er invitert til å delta på Midtvinterfest/Vinterblot i Løa på Gjerå i Løvikja Tresfjorden.
Tid Laurdag 27. Desember frå kl 18 til vi ikkje orker meir.
Ta med noe godt å ete og vi lager eit fellesbord med mat vi deler på.
Husk vi møter i vikingkle.
Vi overnattar på småbruket, i løa og der det faller oss inn :)

Ta kontakt med jarlen snarast og meld ifrå om du blir med.

Stein

25.10.2008

I dag har eg drevet med henting av stein til kistemuren vi skal ha til kokehuset. Måtte gi meg etter ei lei vridning i ryggen, men fortsetter i morra. I kveld er det opp til sterk storm. Var inne på Gjerå og der var det stille nede på boplassen. Oppe i furuskogen var det mye susing og urolig, så eg må sikkert ha meg ein tur opp ditt med motorsaga i morra, eller i starten av neste veke. Kan hende det er noen velt.

25.10.2008 — Men materiale til kistemuren

Ny Dugnadshelg/ Haloweenfeiring på Gjerå

Klar for ei annleis halloween-feiring? Meld deg då straks på neste vikingsamling i Løvikja som er fredag, laurdag og søndag 31. oktober – 2. november. Oppmøte fredag ettermiddag frå ca. kl. 18.00. Kokehuset kjem frå Tingvoll litt seinare på kvelden, så høvdingen, jarlen og læremeisteren er ikkje til stades før litt seinare utpå kvelden.

Vi skal finne på spennande aktivitetar, både for dei som er interessert i å arbeide med tre, stein og med tekstil. For dei sistnemnde blir det ei lita innføring i broderiteknikkar frå vikingtida. Har du lyst til å prøve, ta med stoff (gjerne linstoff), brodergarn (gjerne tynt ullgarn) og synål med spiss. Ta også med syboge om du har, og redskap til påteikning av mønster.

No er løa begynt å bli klar til bruk, så vi kan sitje der og arbeide under tak. Men veldig varmt er det nok ikkje, så hugs varme klede. Sjå på vêrmeldinga, og hugs og arbeidsklede som passar til vêret. Laurdag blir det felles middag, elles tek ein med det ein treng som vanlig.

Send melding til meg snarastvis du har lyst til å være med,og dere vikingar. Også VIS DERE IKKJE KJEM tlf. 99332902.

Disablot

I morra kveld og natt er det fullmåne. Då vert det Disablot på Gjerå. Vis du er i nærheita og ønsker å delta er du velkomen. Bare vær der frå kl 20.

Og velkomen skal du være.

Annonse