Viser arkivet for oktober, 2010

Rapport frå kulturhistorisk leir, Vikingleir for ungdom på Gjerå i Løvikja 2010

Måndag og tysdag i haustferien vart det arrangert kulturhistorisk leir på Gjerå i Løvikja. Arrangørar var Friluftsrådet for Ålesund og omland og Vikingliv S. Helgason.

Måndag morgon mellom 09 og 10 kom 12 ungdomar til Gjerå og vart innkvarter i to vikingtelt som dei var med å setja opp, og inne på løa. Kl 11 vart ungdomane delt i to grupper, Dei fekk beskjed om å velje ein høvding og lage seg namn og kamprop. Kl 12 åt dei god lunch og så gjekk vi ned til sjøen. Så på nausta og andre kulturminne. Der vart det funne ein ukjend stor kjeve av ein stor fisk, antakeligvis håkjerring og, eller breiflabb. samt ei ørnefjør. Etter at vi kom opp igjen vart det skutt med bogar og deltakarane kasta økser på blink før ein laga middag på bål. Vikingleike vart og utprøva og vi fekk høyra namn og kamprop.
Menyen, grønsak og kjøtsupa åt deltakarane i lag med steinbaka brød rundt bålet. Deretter gjekk resten av dagen i leike og aktivitet. Ut på kvelden kosa deltakarane seg med frukt og det var stille i leiren ca kl 23.00.
Søndag stod deltakarane opp før kl 08.00 Vi kokte 6 l havregraut som vart servert med syltetøy Elles spiste dei brød og pålegg i lag med mjølk. Etter frukosten fikk laga beskjed om at dei skulle velje ut to kjemper kvar. Begge laga stilte med det dei vurderte som sine beste idrettsmenn, og då dei fikk beskjed om å deira oppgåva var å vaske opp dei gryter vi hadde brukt, både til suppa og grøt vart det ein god stemning i leiren for det var ikkje forventa. Dei andre var med og grov opp kokegropa, sanka stein og begynte å varme den. Inn i mellom fekk alle tid til å skyte og kaste på blink samt øve på dei kampleiker som var bebuda skulle kome under vikingtvekampen. Kl 11 pakka vi åtte fine ørettar i folie, i gropa og gjorde klart til lunch. Kl 12 var fisken klar og servert med brød og smør. Her vart det ikkje ei smule igjen. Etter lunsj vart det konkurrert i vikingidrettar, Bogeskyting, øksekasting, spydkasting, kjøtt og blod, m.m. der deltakarane gav alt. Laga skilte jamne på poeng etter at leikane var over og då måtte høvdingane til pers. Dei vart plassert inne i ein taugring og fekk beskjed om å kjempe på vikingvis. Noe dei gjorde som gode drenger. Kl 15 Tok vi ned telta det vart pakka og deltakarane kosa seg med supperestar frå dagen før. Eitt av måla med leiren var at gjera deltakarane klare over at vikingane og måtte arbeide som andre, laga mat og rydde etter seg. Det meiner vi som var der fungerte godt.