Ny Dugnadshelg/ Haloweenfeiring på Gjerå

Klar for ei annleis halloween-feiring? Meld deg då straks på neste vikingsamling i Løvikja som er fredag, laurdag og søndag 31. oktober – 2. november. Oppmøte fredag ettermiddag frå ca. kl. 18.00. Kokehuset kjem frå Tingvoll litt seinare på kvelden, så høvdingen, jarlen og læremeisteren er ikkje til stades før litt seinare utpå kvelden.

Vi skal finne på spennande aktivitetar, både for dei som er interessert i å arbeide med tre, stein og med tekstil. For dei sistnemnde blir det ei lita innføring i broderiteknikkar frå vikingtida. Har du lyst til å prøve, ta med stoff (gjerne linstoff), brodergarn (gjerne tynt ullgarn) og synål med spiss. Ta også med syboge om du har, og redskap til påteikning av mønster.

No er løa begynt å bli klar til bruk, så vi kan sitje der og arbeide under tak. Men veldig varmt er det nok ikkje, så hugs varme klede. Sjå på vêrmeldinga, og hugs og arbeidsklede som passar til vêret. Laurdag blir det felles middag, elles tek ein med det ein treng som vanlig.

Send melding til meg snarastvis du har lyst til å være med,og dere vikingar. Også VIS DERE IKKJE KJEM tlf. 99332902.

Disablot

I morra kveld og natt er det fullmåne. Då vert det Disablot på Gjerå. Vis du er i nærheita og ønsker å delta er du velkomen. Bare vær der frå kl 20.

Og velkomen skal du være.

Løa tjalda

12.10.2008

Nå er løa ferdig tjalda. Det vil si. Eg har kledd den innvendig med gråmelerte speidarteppe for å halde det meste av vinden vekk. Knallfint :) Nå er neste prosjekt, å lage innvendig tak, og to nye bord. Ta vekk elektrisk lys og få opp fleire stearinlys. Då er vikingløa klar.

Dugnadshelg

Ei vellykka dugnadshelg er over. Sjøl om vi ikkje var mange som møtte opp vart det eitt nytt bord i løa, som nå står fram som ein samlingsplass for vikinglaget.
Vi fikk besøk av ei gravemaskin og fikk gravd og jevna ut området der kokehuset skal stå. Lørdag kveld feiret vi oppstarten av bygningsarbeidet med rådyrsteik og rødvin. Tusen takk skal dere ha som brukte helga.

Stille.

Det har vørt stille rundt vikingreservatet i sommer. Eg har prioritert reiser, knytting av kontakter og viking rundt i Skandinavia. Men det er ikkje dermed sagt, at det har vært stille inne på Gjerå. Vikingane har møttes arbeidet går vidare, nå med maskinel hjelp, ja vi må leige ei gravemaskin ein dag for å jevne ut området der vi skal setja opp Kokehuset og Langhuset, hente stein og byggja dobbel kistemur. Kokehuset er forresten ferdig bygd oppe på Tingvoll, og venter kunn på frakta nedover, Smia vert bygd som elevarbeid på Gjermundnes i haust.
Eg har deltatt på ei samling i lag med reiselivet og ledelsa i kommuna, og fått tilsagn på ei delstøtte på 30.000 frå det kommunale næringsfondet.
Vikingane har arbeida med bord og benker inne på løa, så der vert det snart ein fin samlingsplass før langhuset vert klart.
I haustferien veke 41 skal eg arrangere kultur og handverksleir for ungdom 12-14 år og håper den blir fullbokka. Det er plass til 10-12stk, utan overnatting men vis det vert ønske om overnatting må eg antakelig ned i 8-10 deltakarar.
Så egentlig kan ein ikkje si at det er så stille, det er kun eg som er sein å skrive.

Eit stort steg for ein reisande viking

Nå har eg tatt det store steget og etablert enkeltmannsforetak, Vikingliv. S.Helgason. Mye av tida mi dei siste tre vekene har gått i og lage bedriftsplan, skrive budsjett og sjå framover. Det har vært mye arbeid men veldig lærerikt. Foretaket skal stå for bygging av vikingreservatet Gjerå, samt ha ansvaret for drift og opplegg på området i lag med møre frie vikingar og andre intereserte.
Så vis du vil, ha ein kveld i vikingånd, kanskje bursdagsfeiring eller fest, lære handverksteknikkar basert på tre, skinn, bein eller horn og kulturhistorie. lære om boge, både making og sikkerheit, eller trommemaking, osv. Eller kanskje du har andre ynskjer då er det bare og ta kontakt på elektronisk post til skafti@online.no eller leggja igjen ei melding då tar eg kontakt. Vi blir sikkert einige.

Sikkringskurs i blankvåpen, kokeomn og teoretisk kurs i plantefarging

Helga 3-4 mai var det fleire kurs på vegne av Møre frie inne på Gjerå i Løvikja. i løpet av helga car det samla ca 20 vikingar som deltok på samlinga med stor iver. Nå vert neste aktivitet ein marknad på Løkja i Sunndalen månedskiftet mai/juni. Bilder seinar