Viser arkivet for stikkord haustferie

Stille.

Det har vørt stille rundt vikingreservatet i sommer. Eg har prioritert reiser, knytting av kontakter og viking rundt i Skandinavia. Men det er ikkje dermed sagt, at det har vært stille inne på Gjerå. Vikingane har møttes arbeidet går vidare, nå med maskinel hjelp, ja vi må leige ei gravemaskin ein dag for å jevne ut området der vi skal setja opp Kokehuset og Langhuset, hente stein og byggja dobbel kistemur. Kokehuset er forresten ferdig bygd oppe på Tingvoll, og venter kunn på frakta nedover, Smia vert bygd som elevarbeid på Gjermundnes i haust.
Eg har deltatt på ei samling i lag med reiselivet og ledelsa i kommuna, og fått tilsagn på ei delstøtte på 30.000 frå det kommunale næringsfondet.
Vikingane har arbeida med bord og benker inne på løa, så der vert det snart ein fin samlingsplass før langhuset vert klart.
I haustferien veke 41 skal eg arrangere kultur og handverksleir for ungdom 12-14 år og håper den blir fullbokka. Det er plass til 10-12stk, utan overnatting men vis det vert ønske om overnatting må eg antakelig ned i 8-10 deltakarar.
Så egentlig kan ein ikkje si at det er så stille, det er kun eg som er sein å skrive.