Viser arkivet for stikkord vikingar

Etter tinget

I helga vart det arrangert ting i Møre frie vikingar inne på Gjerå. Sjølv om det ikkje deltok så mange vikingar som i fjor vart tinget godt gjennomført med eit godt gilde etter tingforhandlingane.

Dei aller fleste av vikingane kom laurdag og sat rundt bålet til langt på kveld. Koselig stemning og gamle og unge kosa seg med god mat og drykke. Søndag vart det tid til litt blankvåpentrening og bogeskyting, samtaler rundt bålet og så tingforhandlingar. Mat og drikke skorta det ikkje på og det vart lagt planer for aktiviteten resten av året. Sjølv om det var lite direkte sol, kan vi ikkje klage over været. Månen lyste for oss laurdag kveld og vi fikk høyre skogens melodiar først dei som høyrer dagen til, song frå måltrost, svarttrost, og mange andre, og så dei som høyrer natta til, Rådyra og kattugla. Flaggermusa fløy og aktivt i skyminga. Tusen takk til dei vikingar som var der og gjorde dette til ei god helg.

Løa tjalda

12.10.2008

Nå er løa ferdig tjalda. Det vil si. Eg har kledd den innvendig med gråmelerte speidarteppe for å halde det meste av vinden vekk. Knallfint :) Nå er neste prosjekt, å lage innvendig tak, og to nye bord. Ta vekk elektrisk lys og få opp fleire stearinlys. Då er vikingløa klar.